om Fjellspire

ARBEID OG FRITID PÅ ØVSTE HYLLE

 
 

Fjellspire er eit samarbeid mellom fire kontorfellesskap einige om at livet er på sitt aller beste i ei fjellbygd.

Saman tilbyr vi relevant sommarjobb i Fjell-Noreg til studentar under høgare utdanning frå midten av juni til midten av juli.

Som Fjellspire får du

  • Fire veker relevant sommarjobb i bedrifter knytt til eit av dei fire kontorfellesskapa med i prosjektet.

  • Bistand til å finne felles bustad i lag med dei andre på sommarjobb dit du skal.

  • Ein sommar med kort veg frå arbeid til aktiv fritid i Fjell-Noreg.

  • Høve til å oppleve og bidra under Vinjerock og/eller Hillbilly Huckfest i lag med resten av fjellspirene om du ynskjer det.

Søknadsfrist for jobbane er 1. mars.

All dialog kring jobben du søkjer på går rett til bedrifta som rekrutterar.

Fjellspiresamarbeidet

Eit felles engasjement for gründerskap og bygdeliv har ført oss saman dei siste åra og no ynskjer vi å syne studentar og resten av verda at arbeidsmarknaden i Bygde-Noreg byr på alle moglegheiter.

For deg som ikkje er lommekjent i dei gjævaste fjelldalane i Noreg har du ei lita lenkesamling under her der du kan lese deg opp på både miljøa, kommunene og dalføra. Sjå også kart nederst på denne sida.

Ved sidan av faglege utfordringar syter kontaktpersonen ved kvart fellesskap for at du finn ein bustad, gjerne i lag med resten av gjengen.

Det vert også lagt opp til noko aktivitet og sosialt, samstundes som tilhøva ligg særs godt til rette for å fylle fritida med eigne interesser.

Det tilbudet jeg har fått, har vært så unikt at ordet spredte seg raskt i Trondheim. En perfekt blanding av naturopplevelser, faglig utvikling og bygdeliv. Det er mange studenter ønsker en annen livsstil enn en 8-16 jobb i storbyen og som drømmer om en fremtid med Jotunheimen i bakgården eller minigriser i tunet. Men vet de at dette er mulig å realisere i kombinasjon med en givende relevant jobb?

Eirin Mari Fossøy, testpilot i Vågå og Vang sommaren 2018.

Les meir om Eirin si oppleving av ein sommar til fjells.

Prosjektet er støtta av Oppland fylkeskommune, Buskerud Fylkeskommune, Sparebank1 Hallingdal Valdres og Sparebank1 Lom og Skjåk. Takk, takk!

Gründer

Dei fire miljøa bak prosjektet er også særs opne for å gründerar med eigne prosjekt i perioda.

Kontakt dei flotte kontaktpersonane for kvart fellesskap for å avtale ein fjelltur i sommar for deg og ideen din.

 
10384274_10152592526143767_7263829251759211461_n.jpg
 

Ta kontakt med prosjektleiar Hallgrim Rogn i Innovangsjon du har spørsmål om Fjellspire.

hallgrim@vangivaldres.no

// 412 22 769

 
 
 
 
Teknologiutviklinga jobbar for Bygde-Noreg, noko Fjellspiresamarbeidet tek på alvor.

Teknologiutviklinga jobbar for Bygde-Noreg, noko Fjellspiresamarbeidet tek på alvor.