Ein sommar der kontorutsikta ikkje er einaste utsikta

 
banner1.jpg

Vi er eit samarbeid mellom fire kontorfellesskap einige om at livet er på sitt beste i ei fjellbygd. Saman tilbyr vi relevant sommarjobb i Fjell-Noreg til studentar under høgare utdanning.

 
 
 
 
 
 
 
 
_VB07530.jpg
 
DSCF2815.jpg

Rollhagen

ROLLAG - NUMEDAL

Ein gamal barnehage vert vinteren 2019 gjort om til kontorfellesskap, overnattingsstad, bustad og den naturlege leikeplassen for gründerar i Numedal. Sommaren 2019 får du høve til å teste ut og forme konseptet Rollhagen.

btkverneland@gmail.com
Heimeside → (under arbeid)
Sjekk jobbane på Rollhagen

1724.jpg

1724

VANG - VALDRES

I miljøet kring Vinjerock og Innovangsjon har Kontorfellesskapet 1724 etablert seg som ei kreativt sentrum for teknologi, kultur og kos ved foten av Jotunheimen.

hallgrim@vangivaldres.no
Heimeside →
Sjekk jobbane på 1724

 
 
BETA.jpg

BETA

VÅGÅ - GUDBRANDSDALEN

I sentrum av den viltre fjellbygda Vågå ligg gründerfellsskapet BETA der kreative folk frå heile Nord-Gudbrandsdalen deler kontorlokal, erfaringar, kundar, prosjekt, kompetanse og siste nytt frå eventyrleg fjellheim.

kaja@fjellflyt.no
Heimeside →
Sjekk jobbane på BETA

Tanken.jpg

Tanken

ÅL - HALLINGDAL

Gjengen bak sykkelfestivalen Hillbilly Huckfest kjøpte like greitt det gamle Meieriet i Ål og oppretta kontorfellsskapet Tanken sommaren 2018. Sa vi forresten at dei har eigen skaterampe?

magnus.tveito@gmail.com
Heimeside →
Sjekk jobbane på Tanken

 
 
 
 
 

VELKOMMEN TIL FJELLS

Fjellspire byr på spissa arbeidsoppgåver, aktiv fritid og ei sosial ramme på dei fire feitaste vekene med sommarjobb du nokon gong kjem til å ha.

 
 
 
 
_VB07462_1.jpg